Bjørnebruket, Rykkje ligg som navnet fortel på Rykkje, langs FV7 mellom Øystese og Fyksesund i Kvam Herad, Hordaland. Me høyre med under Fyksesund Landskapspark. Bruket ligg i ein liten dal ca 800 meter frå FV, med utsyn mot Kvamsøy, Hardangerfjorden og Folgefonna. Rykkjegrenda har per 2009, 3-4 bruk som er i drift og 14 hus som er bebudd.
Me flytta hit og overtok hausten 2006. I dag (2020) er me 2 vaksne (Cecilie og Tarjei) og 2 born på bruket. På ca 82 daa dyrka mark, 50 daa beite og sommarbeite med støl i søre Hamlagrø, har me ca 80 vinterfôra saue, nokre høns, hund og kattar .
Den Grøne Tråd er flytta til Bjørnebruket. Der har me eigne produkt i tillegg til mykje anna. Noko lokalt, men mest økologiske varer. Som består av mat, kunst, handverk, kle, gåver, hushaldsartiklar, kroppspleie, vegetabilske- og eteriske oljer.
Ta kontakt med Cecilie på +47 980 26 877. Velkomen innom!